Åsen & Øvrelid as

Frå ByggWiki

Gå til: navigering, søk
Bedrifts logoen
Bedrifts logoen

Åsen & Øvrelid as er ei allsidig entreprenørverksemd i Førde, med omfattande oppdrag innan offentleg og privat sektor. Vårt spesialområde er prosjektutvikling og gjennomføring av total- og hovudentreprisar innan bustadmarknaden, næringsliv og offentlege bygg.

Om Åsen & Øvrelid as

Åsen og Øvrelid AS vart grunnlagt i 1988 av Leif Arne Åsen og Helge Øvrelid, begge frå Jølster. I 1996 fusjonerte selskapet med betongfirmaet Brødrene Sunde as eigd av Halvar og Stig Sunde. Desse 4 er i dag eigarar av Åsen og Øvrelid AS. Åsen & Øvrelid as har lang røynsle med alt frå små private oppdrag til store offentlege prosjekt. Fusjonen gjorde firmaet i stand til å ekspandere og ta på seg stadig større prosjekt. Evne til fleksibilitet og nytenking gjer Åsen & Øvrelid as til ei verksemd i kontinuerleg utvikling.

Selskapet har i dag ca 80 tilsette og ei årleg omsetnad på ca 240 mill NOK.

Åsen & Øvrelid as har opparbeidd seg ein sentral posisjon i byggemarknaden i fylket. Firmaet ynskjer å halde på denne posisjonen og må vere budd på stadig nye utfordringar både frå byggherre, marknaden og myndigheiter si side.

Åsen & Øvrelid as vil jobbe vidare med våre gode samarbeidspartnarar og utvide nettverket ytterlegare for å styrke fagmiljøet i Sogn og Fjordane. Dette vil komme næringa og byggherre til nytte samt auka lokalt engasjement.


Kontakt: Åsen & Øvrelid as

Postboks 506 6803 Førde

Tlf: 57 72 38 50 Faks: 57 72 38 51 E-post: post@aasen-ovrelid.no

Linkar

Åsen & Øvrelid as

Personlege verktøy